mandag 4. juni 2012

Då vi flytta inn til påske.....

....var huset langt frå klart, men mange ting vart gjort denne påskeveka med god hjelp frå familie og gullungar...

Eit utlånt spisemøblement har gjort nytta si fram til me no får nye møblar, dei kjem denne veka.... Lykke!

Draumekjøkenet vart montert og lykka var stor... Min kjære mr. N hadde hendane fulle i lang tid!



  • Bjelkane i taket er beisa med voks frå Liberon som heiter "Gotisk patina".
  • Innreiinga er måla i ljos antikk
  • Tak og veggar på kjøkenet er beisa i to strøk med Lady interiørbeis, hvitkalket.

Etter dette bilete vart tatt, har flisane kome opp og utforing og lister rundt glaset er på plass!

Gamlestoga var nokre av mine og mi mors prosjekt i påska. Den vart støvsugd, vaska og skura, grunna og måla, og tilslutt beisa på utsida, også den med Gotisk patina. Sluttresultatet er ikkje heilt klart og vil bli vist ved seinare. Berre vent å sjå, det blir så bra altså!

Det var det eg hadde så langt!
Tuddeluuu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar