onsdag 6. juni 2012

Det var ein gong...

Based on a true story!
....at frk Åtgaum var på ein av sine kvardagslege handleturar i bygda...
 ...med eitt fekk ho det for seg at når ho no var i husmodus, så skulle ho jammen ta ein kikk i den lokale interiørsjappa...

...Og der...

...rett framfor ho, lyste det vakre og sølvskimrande Maud servise....
...frøkna hadde aldri sett noko vakrare servise, der det stod og blenkte, med sine glimrande bordar og blanke glasur...

...Med eitt vart det svært naudsynt å overtale min betre halvdel om at dette var noko me burde investere i, snarast....
(Me hadde trass alt tekje til å rive litt mur, og teikna ferdig draumehuset...)

...ved eit passande høve vart han geleida inn i "Mauds land"... 
... Og etter at synfaringa og testinga av produktet var omme, enda "forhandlingane" godt...



...eg stod der begeistra og såg korleis ekspeditøren, med varsam hand, pakka inn varene...

...Endeleg...

...endeleg skal vi få dekt det livsnaudsame behovet for å ete av tallerkar av same utsjånad...
...Og sausar skal serverast frå dei finaste sausnebb, heile to tel dei. Og, på avlange vakre serveringsfat, skal eg dandere dei lekraste rettar! Og for all del, ein må ikkje gløyme serveringsbollane....
...Ja, dei kan ein bruke til det meste, alle tri...

...Eit servise til fjorten, med alt tilbehør...
...hadde fått nye eigarar...
....Då handelen var omme, frakta eg varene heim...
...for deretter å plassere askane i...
 UTHUSET!!!
.
...Og...

....ETTER TO ÅR KOM DEI FRAM FRÅ SITT SKJUL...
...

Snipp, snapp snute...
...då var soga om frk. Åtgaum på servisehandel...
... ute...

PS:"utdrag frå mine tankar den dagen eg såg serviset...."
..."det er no sø himla kjekt å ha eit servise te fjorten! Me treng no eit servise, det he me no ikkje hell. Åsså va det no sø fint! Å faktisk sø æ det ikkje sikkert dei he att fleire av dei hell når me he flutt inn"...
(men de he dei, altså!) 

PPS:Her er det som eg burde tenkt, men....
Neidå, skjerp deg! Det bli då ikkje tomt fe eit servise sø fort, sjavt om de er fint! Det er ikkje mykje vits i å kaupe eit servise no, særleg når du ikkje fær bruka det fyri om  eitt år hell to. Sjangsen fe at dei gjeng tome er vel heller liten, og eg veit no dei he teke inn i kassevis!
(...Men...)

... OG,oddse fe at det skulle slumpe te at nokon hadde behov for om lag 50 tallarkar, 20 bøllar, 30 fat og uhørvelege mengdur sausnebb...
 ...skulle vel vera heller klen...

...MEN.... 

Ha ein fortreffeleg aften alle saman, med eller utan matchande skåler og sausnebb!


5 kommentarer:

  1. Svar
    1. Av latter altså;) denna kan eg lese fleire gonger om dagen, berre for å få eit smil eller to;)

      Slett
  2. Festlig! Gleder meg til flere gode historier- f.eks sengetøyet deres fortjener en historie synes jeg... Den gjorde dypt inntrykk på meg den gangen du fortalte den! LOL :-)

    SvarSlett
  3. Hi, hi... Det var jammen sant! Den er nesten litt flautt å fortelje... Men berre nesten....:-) eg har mange ting med mange overbevisende historier bak seg:-) hi, hi.... Men det har me vel alle og einkvar, menn som kvinner,;-)

    SvarSlett