tirsdag 5. juni 2012

Eit lite biletedryss...

....frå ulike detaljar og prosjekt i huset...

Sofaen i daglegstoga er mørkbrun, grov og med naglar, og den nye favorittputa frå Gant er på plass i kroken...


Detaljar frå badet nede(det er framleis litt igjen). Brunbeisa tak(i ein sjølvblanda farge) og cremefarga fliser med mørkebrunt kontrastband som gjeng rundt heile rommet. Flisane på golvet blir i same mørke brunfarge som bandet på veggen. Dette blir eit stort, men likevel lunt og behageleg rom trur eg...


Bjelkane i taket nede er mørke og grove.... Me like!


...Detaljar frå tømmeret på gamlestoga...

...Gamalt treverk...

Merkinga av tømmeret på gamlestoga er godt synleg på frontveggen mot daglegstoga...
... Ein artig detalj på veggane...



Fargen vanilje, frå Jotun,Lady, er ein hyppig gjengangar i fleire rom i huset. Saman med brunbeisa treverk har det blitt det ein lun og fin kombinasjon...

...Men "gud brutle" kor mykje eg har grubla, prøva og skifta meining undervegs...
...Heldigvis blei eg veldig nøgd med det me tilslutt landa på...  

...Her frå hylle over doen nede...

Eg kjem attende med litt meir etterkvart!
...Ha ein fin kveld...
Tuddeluuu!

1 kommentar: