søndag 24. juni 2012

Matlykke...

Ooo' deilige sundag...
...Vaksensmoothie...
...Me har kosa oss med lang og god sundagsfrukost... 
Avslappande, og ikkje minst ein god start på vekas siste dag.
ikkje sant...?

Ville berre dele ei lita oppskrift med dykk...
I blant er det godt med ein smoothie til frukost eller mellommåltid...
(funkar særleg om morgonen om ikkje matlysten er heilt på topp...)

Denne er ein av mine favorittar...
(vaksensmoothie)

1 banan
5 -10 isbitar
ca ei spiseskei vaniljekesam
litt mjølk, eller biola naturell, ca 1,5 dl
ein neve mandlar( el valnøttar)
Og ca ei teskjei med espressopulver, eventuelt ein liten kopp med avkjølt espresso
(reduser melkemengda litt, om du brukar "ekte" espresso)
Denne oppskrifta høyrest kanskje litt rar ut, men den er så goood, for vaksne altså...
...Litt søt, nøtteaktig, og med ein heilt naudsynt dose kaffe, slik på morgonkvisten...
...ENJOY...

...mmmmm...
...Til mellommåltid, og som ein aldri så liten helgekos, kan det smake godt med
ein kopp kaffe
 i selskap med gode kjeks og smakfulle ostar, som er toppa med valnøtter i honning....


...DET er MATLYKKE det....
NAM!

Ha ein deilig sundag alle saman!

Masse LYKKE & GLEDE til DEG!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar