lørdag 16. juni 2012

Om dekorering på fat og kjøkkenpynt...



...her er eit lite utval av litt kjøkkenpynt, samla på eit fint fat...

....fine detaljar...
...pyntar opp på kjøkkenøya...



....fin krukke i tre etg, frå Riviera Maison, fylt med smakfulle kjeks...


....Sylvbrettet kjem frå Casa interiør, deilig duftljos frå Rogn, og lita lykt frå Riviera Maison...
...fine  materiakombinasjonar, glass, metall og tre, fargar i kvitt,  sylv grønt og litt brunt...



....Ein billig bøyle-eføy, har blitt stæsja opp med hjare nr 2, frå bryllupet me var i...


...Eg likar godt å dekorere på fat, det er dekorativt, òg sjølv føler eg at det ser meir ryddig ut om ein samlar pyntegjenstandane i grupper...

....Ulike fat og brett, DET, har eg sjølvsagt "plenty" av....:)

....Ein fin "regel" er at ein plasserer det høgaste bakerst, og at ein gjerne samlar gjenstandane i grupper på oddetall...
Men, (alltid eit men)  ein bør ikkje henge seg for mykje opp i "oddetalsregelen", den er berre ei rettesnor å arbeide ut frå. 

Det har nemleg litt å seie om formene er runde eller kanta, på fat òg på gjenstandane, for om ein endar opp med par-eller oddetal...
...og korleis  dei større gjenstandane vert plassert i forhold til kvarandre... 
Kanskje eitt fat med mykje kanta former ser best ut i partalsgrupper, eller omvendt.... 

...Det kan vere lurt å ikkje samle for mange ting på eitt fat, bruk nokre større ting i bakgrunnen og plasser dei mindre tinga litt meir tilfeldig rundt...

...Sleng gjerne nokre konglar, steinar eller anna smådill omkring, eller kva med å plassere dei samla ein glassbehaldar, det kan vere veldig dekorativt...

...Når du byrjar, tak då utgangspunkt i tre større hovudgjenstandar, alle i ulik høgde, og auk heller på etter kvart...

...Eit lite pyntetips frå meg til deg, håpar det fell i smak...:-)

.....

Ynskjer dykk alle ein fin laurdag! 
Her blir det sofa, kaffe og avslapping, med fyr på peisen og ruskever utanfor stogeglaset...
...kos det òg...

Tuddeluuu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar