fredag 15. juni 2012

Willow tree...

Mange har kanskje sett figurar av denne typa før...? 

...Dei er ikkje akkurat nye på markedet, men det er vel heller ikkje eit viktig poeng for gjenstandar som betyr noko spesielt for akkurat deg og dine...

Desse figurane er, etter mitt syn, både tidlause, harmoniske og veldig fine....
Denne fine dama, med eit hjarte i hendene, fekk eg av min kjære og to små til ein bursdag for nokre år sidan, like fin den dag i dag....


I bakgrunnen ser de flisane me har på kjøkkenet, mellom over-og underskåp
....Damefiguren kjem frå Willow Tree...
Handlaga figurar, alle med eigen "merkelapp"

...I denne serien finn ein til dømes kjærleiksfigurar, born, sysken, gravide, babyar, nytgifte, englar, døtre, søner, mødre, fedre og familie... 

...Ja, variantane er mange...  
...og alle figurane kjem med eit meiningsfyllt namn... 

...Dette er ei fin og spesiell gåve å få, eller gje vekk, og den både seier og er det lille ekstra, for/til nokon som betyr mykje for deg...

...Dagens gåvetips frå meg til dykk, dersom de treng ei ekstra fin gåve... 
(dei er å få tak i Bø trur eg, òg på Snoperiet i Odda, veit eg i alle fall, i tillegg til mange andre stadar, sjølvsagt;))

......


I kveld skal me kose oss med sumarfest i den supre barnehagen som gulla gjeng i, og storegull skal ta avskjed med barnehagelivet snart...
 ...Til hausten er han skulegut, snufs, vemodig og stort....

...Som  storegull seier sjølv, eg grugledar meg....
...Men, det vert ei spanande tid for han,, og for oss, med lekser, fotball og alt det som høyrer skulelivet til...


Ha ei strålande helg kjære lesarar, med eller utan regn!
Eg skal rydde i helga, det trengs! 

...Tuddeluuu...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar