mandag 2. juli 2012

Knekkis, I like....

Heimelaga knekkebrød er noko eg har laga ei stund...
Og dei er, etter mi meining, knallgode!
Mykje betre enn "fabrikk/butikklaga" i alle fall....:)


Det finnast mange ulike oppskrifter på knekkebrød, og eg har prøva ut nokre forskjellige. 
Eg har blanda litt oppskrifter, tatt litt her og der og kome fram til ei som eg synast fungerar. 
Måla i oppskrifta er litt på slump, men nok til to langpanner. 
Denne oppskrifta kan lagast, med og utan gluten, dersom det skulle vere naudsynt.
Best av alt, deigen er gjort på 10 min, pluss steiking...

Medan det steiker, kan du kose deg og gjere akkurat det du føler for...:-)


OPPSKRIFT:
Hell omlag 2 dl av kvar av dei frøslag/kjernene du likar best i ein bolle.
Eg likar å bruke solsikkekjerner, gresskarkjerner, knuste linfrø og sesamfrø(bruker 1 dl av sesamfrø)+nøtter.
Her kan du auke og trekkje frå med frø, akkurat slik det passar deg og din smak.
I tillegg tilset du omlag ein dl kruskakli.

OBS! For eitt glutenfritt alternativ kan du nytte deg av Fiberhusk og litt mandelmjøl. 
Dette blandast i omlag same forhold, som med Kruskakli, men Fiberhusk sveller, så ikkje bruk ein dl berre med dette, kun ca eit par teskeier saman med til dømes mandelmjøl(el anna glutenfritt alternativ), for å binde massa betre.

I tillegg kan det vere godt med litt hakka mandlar, valnøtter eller liknande, om lag ein handfull.
Tilslutt tilsett du væske, omlag 6-7 dl prøv deg fram, rør god.

Spre deigen ut på eit steikebrett med bakepapir,
 bruk hendane, eller ein slikkepott.
Rut opp med kniv/pizzarulle, før steiking.

TIPS: om du brukar hendane til å dytte deigen ut, væt/dypp dei jamleg i vatn, så slepp du at det "klabbar"


Dersom du har varmluftfunksjon på ovnen, steik begge bretta på ei gong 
på 190 grader i 45 minutt, men følg med....
Når det gjeng mot slutten vert dei fort brune, dei blei mine i dag;-) 
Slepp gjerne ut litt damp med jamne mellomrom, då vert det lettare å få dei sprø.
Dersom dei framleis er seige, turk på låg temp(ca 50) med døra på gløtt, til dei vert sprø,
 det kan ta alt frå ein time til mot 3, avhengig av kor mykje væske som skal ut.

TIPS: om dei er brune på toppen kan du gjerne tørke dei oppned, med bakepapiret på, alternativt set du ned tempen medan dei steiker, ca etter ein halv times tid, men då må dei steike litt lenger.
Avkjøl på rist, knekk opp og oppbevar i tett boks...

HÅPAR DEI FELL I SMAK, KOS DEG!
....Ha ein fin kveld...

1 kommentar:

  1. Hei!

    Jeg jobber for nettstedet Alleoppskrifter.no der brukerne kan søke gjennom titusener av oppskrifter fra norske mat nettsteder og blogger.

    Jeg la merke til at du har smakfulle oppskrifter i bloggen din og jeg vil gjerne foreslå deg til å ta en titt på Matbloggtoppen her: http://www.alleoppskrifter.no/matbloggtoppen

    Hvis du ønsker å legge din blogg til listen og få resept indeksert på Alleoppskrifter.no, er alt du trenger å gjøre å følge instruksjonene her: http://www.alleoppskrifter.no/ga-med-i-matbloggtoppen

    Forhåpentligvis vil din egen blogg også være opp i toppen!


    Varme hilsen,

    Elin
    Alleoppskrifter
    http://www.alleoppskrifter.no/

    SvarSlett