Velkomen.... Her er utsikt opp mot huset, Nybu(hytte) ligg rett nedom vårt hus, saman med Vikne, hytta som me budde i før... Ved innkøyringa ligg ein nyopppussa garasje og eit stort uthus. |
Her ser de detaljar frå dei fine stolpane me har, dei er laga ved Haukeli Hytter og Hus. Kledninga på huset har/skal ha stavlaft look. Litt blomar er òg på plass:)'
|
Baksida og vestsida av huset ser slik ut....:) |
På det fyrste bilete ser de der inngangstrappa skal vere, rekkverket er mellombels, akkurat som trappa. Førebels er det trappa på det 3. bilete som gjer nytta...:)
|
Flaggstanga skal på sikt få ei oppussing, samt flotte seg med ein vimpel... Den gamle stallen ligg ved sidan av låven/fjoset. Det er koseleg med gamle hus i tunet... |
Viktig å ha utstyret på plass :) |
Bugardshytta, som ligg rett bortanfor vårt hus. Her veks det nydelege, store Liljekonvall, til mi store glede... På vegen frå huset, kan ein gå opp til Vågslidnuten, som de ser i bakgrunnen på 2. og 4. bilete. Storegull driv og ryddar stein, og då er sjølvsagt Gråtass på plass, slik at ein kan fylle opp med lass....
|
Her var altså eit lite biletedryss frå garden, utsida av huset og område rundt...
Me gler oss til å vise fortsetjinga...
Det er mykje å gjera, men òg veldig moro å skape noko saman...
Noko som er VÅRT, og som me har felles...
Ynskjer dykk alle ein fin-fin måndag og ei super veke!
...GLEDER & LYKKE...
Hei!
SvarSlettEg køyrde over fjellet her ein dag og kikka godt etter huset ditt! Trur eg såg det også, dersom ein kan sjå det frå vegen, altså???
Camilla.
Hei! Du ser det veldig godt frå vegen. Det ligg på høgre side, litt etter "hotellet" i Vågslid, når du køyrer vestover.
SvarSlettStort og uferdig:) Koseleg at du les bloggen min, Camilla. Eg er titt og ofte innom deg og hentar inspirasjon frå alt det flotte som du lagar! DU er jammen flink, altså! Ha ein fin laurdag.