mandag 16. juli 2012

Velkomen til Vikje...

Velkomen....
Her er utsikt opp mot huset, Nybu(hytte) ligg rett nedom vårt hus, saman med Vikne, hytta som me budde i før...
Ved innkøyringa ligg ein  nyopppussa garasje og eit stort uthus.  

Skilt, som viser at me befinn oss i Bratsberg amt  :)
Blomstereng, og naboar.
I det fyrste huset(Vikne) bur bror til, og det vesle huset, der bur bikkja hans..:?




Idyll, med eiga blomstereng rett utanfor...

Husdraumen vår....



Velkomen...
Ein midlertidig uteplass, det har eg sjølvsagt laga...:)
Inngangen er praktisk innreidd med eit godt synleg vater, rett ved sidan av inngangsdøra.,...
 Utemøblar, det får me få tak i ein annan sumar:)





Her ser de detaljar frå dei fine stolpane me har, dei er laga ved Haukeli Hytter og Hus.
Kledninga på huset har/skal ha stavlaft look.
Litt blomar er òg på plass:)'

Fronten 2. og 3. etg(loft).
Nederst ser de austsida av huset
 I kjellaren er det mellom anna dobbel garasje, og fleire bodar, i tillegg til tekninske rom..



Baksida og vestsida av huset ser slik ut....:)
På det fyrste bilete ser de der inngangstrappa skal vere, rekkverket er mellombels, akkurat som trappa.
 Førebels er det trappa på det 3. bilete som gjer nytta...:)


Utanfor huset har me eit lite eldhus. Her har fortida sju kyllingar sin midlertidige bupel...:)
Over haugen kan me sjå "burt" til "Haugen", som er svigerfar sitt hus og barndomsheimen til N.

Utsikten er formidabel, uansett årstid....
Framleis ligg snoen på toppane mot vest....

Leikehuset vert nok neste prosjekt.
Det blir flittig bruka av veslegull, og alskens herlege måltid vert laga her inne...:)
Utsikten mot aust viser oss bygda og fjoset, med stallen i bakgrunnen...
I fjor hadde me fire grisar i innhegninga på nedsida av fjoset, til stor glede for liten og stor...
Dei var nokon skikkelege gravemaskiner!!
 ...noko av det graslause er utført av ei ekte gravemaskin òg, altså:))

Flaggstanga skal på sikt få ei oppussing, samt flotte seg med ein vimpel...
Den gamle stallen ligg  ved sidan av låven/fjoset.
Det er koseleg med gamle hus i tunet...
Viktig å ha utstyret på plass :)
Bugardshytta, som ligg rett bortanfor vårt hus.
Her veks det nydelege, store Liljekonvall, til mi store glede...
 På vegen frå huset, kan ein gå opp til Vågslidnuten,
som de ser  i bakgrunnen på 2. og 4. bilete.
Storegull driv og ryddar stein,
og då er sjølvsagt Gråtass på plass, slik at ein kan fylle opp med lass....


Den fine grasvegen, som pyntar opp ved austsida av huset...
 Idyll...



Her var altså eit lite biletedryss frå garden, utsida av huset og område rundt...
Me gler oss til å vise fortsetjinga...
Det er mykje å gjera, men òg veldig moro å skape noko saman...
Noko som er VÅRT, og som me har felles...

Ynskjer dykk alle ein fin-fin måndag og ei super veke!

...GLEDER & LYKKE...

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Eg køyrde over fjellet her ein dag og kikka godt etter huset ditt! Trur eg såg det også, dersom ein kan sjå det frå vegen, altså???
    Camilla.

    SvarSlett
  2. Hei! Du ser det veldig godt frå vegen. Det ligg på høgre side, litt etter "hotellet" i Vågslid, når du køyrer vestover.
    Stort og uferdig:) Koseleg at du les bloggen min, Camilla. Eg er titt og ofte innom deg og hentar inspirasjon frå alt det flotte som du lagar! DU er jammen flink, altså! Ha ein fin laurdag.

    SvarSlett