onsdag 8. august 2012

New me...


God formiddag folkens... 
Har de hatt nokre fine dagar sidan sist?
Her har det vore litt av kvart på gang. Golv har blitt lagt, vore på besøk og badeland og hatt litt besøk. 
Det er familiekos det! 
Fine dagar altså...:)

Sjølv er eg i gang med eit lite prosjekt, av ulike grunnar, 
og eg håpar at dette er noko som skal gje gode resultat... 
Eg har sett i gang med DETOX!
Veit det er mange som har gode erfaringar med dette, og håpar det skal bli ein suksess for meg òg. 
Det var på tide å nullstille kroppen, rense ut og starte på nytt. 
Det gjer nok susen, eg har trua i alle fall...


No er eg godt i gang med å drikke sunne og næringsrike smoothies av grønnsaker,bær og frukt, 
samt masse vatn. 
Og for å vere ærleg, dei fyrste dagane har ikkje vore noko særleg, fysjameg! No more details needed! 
Null kaffe, sukker, svart te, brus og fast føde på mange dagar...
(Sukker og brus er ute for ei lang tid no...)
 Men, no føler eg meg mykje betre, håpar det held seg slik.
I  tillegg har eg tenkt å prøve ut nokre av Pukka sine superfoodsprodukt, mellom anna Clean Greens og Spirulina og nokre av teane. Har de prøvd noko av dette? Blir spanande å erfare om det er så supert som det skal vere, kryssar fingrar for det :)

Etterkvart vil eg attende til det "flinke kostholdet," som eg brukar å vere på. 
Dette kostholdet er veldig inspirert av lavkarbo, der eg kuttar gluten, stivelse(ris/pasta/potet/brød), fint mjøl(eller mjøl i det heile, faktisk) sukker, mjølk. 
Eg erstattar med masse grønt, bær, frukt, ostar, heimelaga knekkebrød, proteinrik mat, samt annan mat som er laga frå grunnen av, på reine og sunne råvarer utan tilsetjingstoff og masse sukker. 
(Ingen egg,bacon og majones og sause fråtsing her i gården altså, som somme trur lavkarbo dreiar seg om)
Det skal bli godt for skrotten, rett og slett.... 

Dei dårlege rutinene, som kom med flytting og hussjau, skal vekk. 
Skriv nok litt om Pukkaprodukta, når eg ser om dei er "supre"...:) 

Så, må det trenast litt au da, både styrke og kondis...
Å kome i gang med jogginga/trening igjen, det hadde vore topp, og er eit mål.
Men me får ta små skritt om gongen, så ser me om ein mnds tid, kor mykje jogging/trening det er då ...:)

Dersom du er nysgjerrig på kostholdet og mine tankar omkring dette i forhold til kroppen,
 eller ynskjer meir info/tips, så kan du gjerne ta kontakt på mail, eller via melding på Facebook. 
MEN!
Eg er ingen helseekspert, altså!! 
Har berre gjort meg mange erfarningar, og lest meg opp ein del på emnet, gjennom dei siste ca. 8 åra. 
(utan at eg skal kome meir innpå kvifor her) 

Kanskje kan det vere eg har nokon tips, eller nokre littaraturanbefalingar, 
som kan vere til nytte for nokon andre og? 
...Eller kanskje du har nokre erfaringar og tips du vil dele med meg, det set eg veldig pris på.

Ha ein fin fin dag alle saman! ONSDAG alt, ikkje lenge til helg!!!

KOS DEG!

5 kommentarer:

  1. Så flink du er som har satt igang med haustreingjering av kroppen! Må sei eg veit mykje meir om sundt kosthald no enn då eg var tjue!!! Kjekt med nokre år på baken. No er det rett før ferien er over!!!!

    SvarSlett
  2. Så flink du er som har satt igang med haustreingjering av kroppen! Må sei eg veit mykje meir om sundt kosthald no enn då eg var tjue!!! Kjekt med nokre år på baken. No er det rett før ferien er over!!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er deilig med litt opprensing av og til:) Ja, det er jammen litt forskjell på før og no i forhold til kva ein puttar i seg...det er i alle fall litt meir bevisst, om ein puttar i seg noko ein ikkje bør har for mykje av, og då vert kanskje mengdene mindre òg;)No er me straks attende på arbeid, ha ein fin arbeidshaust, Camilla!

      Slett
  3. Ang pukka. På jobb har me pukkate av typen sweet mint. Den er knall å lage seg iste av. Bare lag ein veldig sterk porsjon, la avkjøle litt. (Ha i honning om du vil det) Bland med isbiter og vatn til passe smak og nyt den når du æ ømleg tyst. Kansje etter joggeturen din :)
    Maria

    SvarSlett
  4. Takk for tips, Maria! Lurt, og peppermyntete er no supergodt! Det skal eg jammen teste. Ha ein fin laurdag:)

    SvarSlett