lørdag 11. august 2012

Nytt frå hus...

God morgon alle! Det er soool, deilig!!!
Dagen skal brukast til måling og rydding ute og i kjellaren.
Det blir godt!
No har me fått ordna litt i "gamlestoga"(spisestoga) her i huset. 
Golv er lagt, og møblar har kome inn, men me manglar listing rundt omkring, og utforing av vindauget.
Men det kjem etterkvart:...


Spisestolar og bord frå Møbelringen i Etne...
Veggane er måla i vanlije, tak i eggekvitt. Lister og utforing vil òg vere eggekvite, når dei kjem på plass.

(Litt vanskeleg å ta OK bilete i motljos, særleg på ein solskinnsdag.
Eg får heller ta nye litt seinare ein dag. Her er førebels resultat i alle fall...)

Litt koselegare å setje seg i sofaen når ein kan sjå på dette, istaden for rot..;-)
Gler oss til å nyte sundagsmiddagar og jolemåltid saman i dette koselege romet, det blir fint...
I tillegg er det moro å ha den gamle stoga innebygd i huset, som eit røft innslag,
og eit fint minne frå huset som opprinneleg stod her....

Ha ein strålande laurdag!
KOS DEG!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar