torsdag 27. september 2012

Vågslid, omtalt i Maison....

I nyaste utgåve av Maison, er det ei veldig fin reportasje frå ei av dei flotte hyttene
som har beliggenhet her i den fine bygda eg og mine kjære bur i.
...
Vågslid
...


Vågslid ligg omlag 800 moh, og er ei vakker fjellbygd lengst vest i Vinje kommune, 
som ligg i Telemark fylke. 
Vi er rett ved grensa til Hordland, og ligg ved foten av Hardangervidda... 
Området kan by på flotte naturopplevingar, og har gode høve for å drive jakt og fiske,
 eller rett og slett for å få seg ein  fantastisk tur i fjellet.... 
...Eller kva med ein liten bærtur, når det er den tida på året....?

På vinteren er det fantastiske forhold for både bortover og nedover ski, 
med preparerte turløyper i vakkert terreng... 
...Eller kanskje ein fartsfyllt dag i skisenteret i Vågslid, Haukelifjell Skisenter...


....Her er innleiinga til reportasjen...

Etter ein aktiv dag, er det godt å kome heim til den varme og koselege hytta...
Skape deilig hyttestemning med fyr på peisen... 
Nyte deilig mat og godt selskap...

...Framsida på nyaste Maison...
"30 sider vakre hytter."
 Ei av desse er altså å finne i Vågslid...!
Og, i Vågslid er det mange vakre hytter...!
(Ser slik ut frå utsida i alle fall, hi, hi! Kunne gjerne tenkt meg å sjå inne i litt fleire av dei....:-))



Hytta er i tømmer, og er bygd av det lokale firmaet, Haukeli Hytter og Hus. 
Utruleg lekre hytter...
...og dyktige fagfolk!


Veldig artig at lokale krefter og bygda vår, vert omtalt i flotte Maison!

Det er "heilt upp" eit lite stykkje KVARDAGSLYKKE for mange, vil eg tru...
 Særleg for hytteeigarane, og for dei lokale produsentane av hytte og interiør... 

....MEN òg, for oss som bur her...
...i vesle, vakre og ville Vågslid...

(òg kanskje og litt ekstra for oss som er "litt" interiørglade, 
og har Maison som eitt av sine favorittblad...hi, hi...:))

Ha ein formidabel torsdag!
GJER DAGEN GOD!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar