onsdag 10. oktober 2012

Onsdagsfilm...


Då er onsdagen snart omme...
Fin dag med litt ulike ting på tapeten, og ei aldri så lita treningsøkt...
God for kropp og sinn...
Kvelden vart avslutta med ein aldri så liten filmframsyning på PC for min del. 
I kveld vart det The Help, veldig fin film altså! Skaffa meg boka for ei god stund tilbake, men endå ikkje kome i gang med den, det skal eg definitivt snart...

"Nye" augnebryn kom òg på plass i dag...
Alltid fint å få rydda litt opp i buskaset som veks over augo.
Dersom det får tida og høve til å vekse fritt, vert det fort ein liten oppryddingssjau...:)
Takk for voksing og rydding, Gunvor Hilde....
 Haukeli Hudpleie gjer ein framifrå innsats på den fronten for mitt vedkomande....;-)

Helluuu....
Slik vart resultatet


Her er forresten buksa eg hadde på meg i dag...
Interessant? Tenkte det, ja:)

Grå bukse, grave fram frå botn av ei brun kasse som har vore stua vekk i omlag 3 år!!!
 Tøffe boots med høge hælar, kaupt i fjor, og dekorert med dagens søyle....
...I dag vart det kryss i taket, nemlig...

Leeeenge sidan den har vore på for å sei det slik, men like fin og grå, det var ho.... 
Litt moro att dei omsider passar att og, trudde ikke det kom til å skje... 
Har vore mange forsøk for å kome hit...
Men etter dei siste månadane, så vips så var eg der...
 ...utan at eg merka det...:-)


No får det bli kvelden...
I morgon ventar besøk til meg og gulla...
Nokon å skravle med, nokon å leike med...
Moro og kos for liten og stor , altså!

Ha ein fin morgondag, gjer dagen god!

Gjespesmiiil til deg!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar