torsdag 25. oktober 2012

På kjøkkenet...

Står denne fine solsikka og stråler på benken... Ein takk for god innsats på jobben og i samband med TV-aksjonen... Koseleg!

Kva driv eg med om dagane? Det har vore litt stille pga sjuke barn...

Det er den tida på året...basillene herjar med alt frå omgangssjuke, vannkoppar og andre virus omkring i bygda... Så ein må berre ta tida til hjelp....Heldigvis er vi endeleg kome i gang att...

Då det er litt å "pusle" med...;-) Me målar litt, arbeider litt og ryddar litt, og slik går nu dagan...

Og, vips, så gjekk det mot helg atter ei gong... Og eg gler meg til morgondagen... venninnefest i morgonkveld, ute faktisk, med gapahuk, bål og fine folk! Gode greier, altså! Men det gjeld å kle seg godt;-)

Vel, fridag. Kose seg ferdig med kaffi, og på tide å gjere litt...

Ha ein fin torsdag!
Smil til deg frå meg og solsikka;-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar