fredag 5. oktober 2012

Rosa sløyfe og Missoni for Lindex...

Hallo igjen, bloggen... 
Tilbake til bloggeverda etter litt hekstiske dagar med møter, besøk og Skienstur...

No var det verkeleg godt med fredag, kos, og haustferie....!
 ...Kosar du deg...?

Det gjer eg...:) 
Ferie, men kun nokre få planer for helga... 
Godt med ledige helger, lenge sidan. 
Kanskje eg rekk trene litt og...?
 Ferien ser og temmeleg roleg ut, berre nokre jobb og hus-gjeremål på tapeten løpet av veka...

 Det er no sikkert og visst at me skal slappe av og kose oss denne veka... Hi, hi...


Gode nyheter forresten, (for dei som kjenner familien)...!
Pappa har i løpet av veka flytt frå Riksen til Skien sjukehus - og HEIM!
I dag kom han endeleg heim, etter 6 veker på sjukehus!
Sola strålte på fleire vis for oss i familien i dag...:)


Eg og mine to små rakk ein liten besøkstur til Skien i går. 
Småtrolla hadde òg behov for litt klespåfyll, så litt handel vart det...
 På runden på Herkules kom eg over dette fine armbandet frå
Missoni for Lindex...

 Lindex deltek i Rosa Sløyfe aksjonen-til støtte til inntekt for brystkreftsaken...
...Oktober er Rosa Sløyfe månad...

For den nette sum av kr 100 kunne ein få eitt søtt lite skinnarmband. 
50% av inntektene gjeng altså til Brystkreftsaken/Rosa Sløyfe aksjonen. 
Lindex hadde mange flotte og søte produkt, til inntekt for dette formålet.
Fine gåver òg, og det kan no vere ekstra koseleg å gje vekk noko som er meiningsfyllt, 
og som støtter eit svært godt formål!!!

Vel...
No er sofaen okkupert, losa er tende og pleddet på plass...
Kjensla av ferie og helg...
den er alltid god å kjenne på...

Kanskje eg rekk å strikke litt på ein Dorthe-genser i løpet av ferien...?
 Dei er såå fine, og eg har veldig masse garn liggande, så det er berre å skride til verket....

...Ferietid, haust og strikketid...
...Kjenner det skal bli deilig...

Kos deg på det som er att av fredagen...
Nyt, og gjer morgondagen god!

...SMIL TIL DEG...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar