torsdag 18. oktober 2012

TV - stoge...

Her skal det med tid og stunder bli ei TV-stoge...
Lite minner om  det akkurat no...
Sofaen står klar til å plasserast... 
ROOOT!!!

Og eg lengtar...
....lengtar etter vår Easy sofa i brun natura trekk...
...Laga akkurat slik vi vil ha den...
...Sukk...

For tida er den tildekka av plast, og eit ok bilete er ikkje så lett å oppdrive, 
men vil dukke opp så fort som råd...

Målebenken til måleguri er oppe... 
Kvit interiørbeis,(Lady hvitkalket) målast to strøk på Siljanpanel, før det slåast opp på veggen. 
Ting tek tid når du berre kan måle  max 14 bord til dagen....:)

Det blir ljost og fint...
 ...og passe rustikk, med den fine trestrukturen synleg... 
Det passar godt med litt natur og synleg tre i interiøret her oppe, 800 moh....:-)


Dei brunbeisa karmane, er til dørene oppe. 
Desse er behandla med gotisk patina, ein pigmentert voks frå Liberon. 
Det er same farge som bjelkane i taket er behandla med, samt den eine veggen på gamlestoga...

Gler meg til å vise det ferdige resultatet...
Må forresten få vist dykk badet òg...

I løøøøv my bathrooom! Og eg elskar å kunne dusje heime...;-)
Ha det fint så lenge....!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar