lørdag 24. november 2012

Hallo....

Eg er her, men må ha ei lita uplanlagt pause, too much on our hands...! Kjem attende snart, må bli litt meir på stell her...

Men du, ha det fint så lenge da!

Ynskjer deg ein nyyydelig laurdag, med dette fine bilete frå Vågslid-heime...

nydeleg vêr og ljos no i kveldinga!

Smil til deg...:-)

torsdag 15. november 2012

Prosjekt vindfang...

Me er i gang med å panele og beise, og etterkvart blir det måling av vindfang...

Fliser på golvet skal og på plass...

Det blir nok ein litt koselegare inngang å kome til, enn eit upanela rom med betonggolv...;-)

Dør inn til gang...



Inngangsdøra har to vindu, og det er det einaste med har av glas i vindfanget, så då endar me opp med å måle romet i ljose fargar på tak og veggar...

...Konstrastvegg med grovare panel...
...Kvistlakk og beis må til...
Det var det eg kunne vise frå vindfanget så langt...


 Og under ser det litt av gangen som endeleg har fått ljos...
Hurra for ljos i mørketida;-)





Det er diverse å drive med for å få Vikje joleklar...
...og me arbeidet litt rundt overalt om dagen...
...alt ettersom kva som er naudsynt og passande, men det gjeng då framover...:-)


Ha ein fin torsdag, dagane rasar avgarde!
Smil til deg;-)

søndag 11. november 2012

Morgonstund...

Veka er på hell...

Me nyt ein roleg morgon med pusling, kaffe og fyr på peisen....

...Morgonstund i mørket, med kaffe, ljos og eit blad...
...Det kan vere sundagslykke...

Morgonstund er faktisk gull i grunn... 
Me ryddar og fiksar rundt omkring i heimen...
... og etterkvart kjem det til å kåme meir bilete frå hovudetasjen....

...Deilig kaffe, nytast i godt selskap av Maison-Jul...

No har me òg fått montert litt meir ljos, og det kjem godt med på desse tider av året...;-P
I går vart deg òg pakka ut litt meir, og eg fekk delvis gjenge gjennom flyttelass 2(som har stått i 6-7 år, etter hybelliv, puh...) 
Det er godt å ha litt meir oversikt...

Håpar de har fine planer for dagen. Nyt fridagen og kos deg...

Smil til deg...:-)

søndag 4. november 2012

Happy Sunday...

Dagen vert bruka til å slappe av... Det trengs iblant....

Storegull er på besøk og kosar seg med ein ven, medan eg og veslegull kosar oss heime i dag...

Huset stend på halv tolv, og er pr definisjon det som på bloggespråket kallast, lite bloggbar...!
ROT, her altså;-)
Åssen ære ikke iblant'a...?;-)



Min kjære lagar rekkverk ved kjellertrapp i helga, så no kan snart mine vener med småtroll besøke oss, utan at me treng å engste seg for at småtrolla havnar i kjellaren...
Puh...:-)

Tv stoga gjeng det òg framover med.....
Me manglar å dekke til ein vegg,(den skal me dekke med måla plater og nisjer, litt jobb der) legge golv og beise bjelkar, så kan sofaen inn! Jeee!

Litt etter litt, så gjeng det framover ...:-)

Ha ein fin sundag!!!
Smil til deg...

lørdag 3. november 2012

Travle tider...

Tida flyg, plutseleg var det helg att. Ei veke fyllt med møter, kurs, trening, avslutning og mange gjeremål er unnagjort.

På tapeten i i dag ventar feiring av min kjære faddetgut på snart 4!!! Me gler oss til kaker, kos og skravling, med små og store vener... :-)

Snoen er på plass, det er november og definitivt vinter i Vågslid...

Ha ei fin laurdag! Smil til deg:-)