torsdag 17. januar 2013

Det nye badet heime...

Hei hopp....
 
Det har vore stille her, leeenge...
Ikkje planen, men slik er det av og til...
Hatt det fint?
Håpar jola di var god, og at det nye året byr på gode, gjevande og minneverdige augneblikk!




Ville opne bloggeåret 2013 med nokre bileta av badet,
 som me endeleg fekk tatt i bruk på hausten i fjor.... 
 
Lunt og med god plass til fire...
Ein passande kombinasjon av brunt og krem, natur og tre, mot glatte overflater...
Me er nøgde med resultatet... 
 
Dusjnisja har fått mosaikkfliser i sjakkmønster, som passar fargane på vegg og golvflisene....
Me har ikkje dusjdør, men ein liten glassbyggarstein-vegg ved sida av dusjen, og hindrar vassprut... 
 

 
Dokroken, med ein farga glassbyggarvegg....
... så får ein ei kjensel av å sitje litt i fred- sjølv om ein storsett har besøk med på doen...:)


Innreiinga er i mørkt tre med heildekkande servant på toppen... 

Eit brunt band er lagt langs alle veggane, for å bryte opp i dei cremefarga flatene...
Taket er beisa i blanding av drivved og valnøtt...
 
 
Så slik blei det sjåande ut...
 
Ha ein fin torsdag, alle!
Snart er det fredag og helg, hurra!
 
...Smil til deg...:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar